916baksida
Linn Therese Sævik er ungdomsarbeidar i Herøy Frikyrkje. (Foto: Privat).

Takknemleg ungdomsarbeidar i Herøy Frikyrkje

- Eg gler meg over eit rekordstort konfirmantkull med mange supre og kjekke ungdommar som ynskjer å lære meir om Jesus, seier Linn Therese Sævik (29) i Herøy Frikyrkje.

- Kva gler du deg mest over i arbeidet?

- Eg gler meg over eit rekordstort konfirmantkull med mange supre og kjekke ungdommar som ynskjer å lære meir om Jesus. Eg gler meg over gode samtalar om levd liv med menneske i ulike livsfasar, og i ulike livssituasjonar.

- Har du eit favorittbibelord? Kva tyder det for deg?

- Johannes Openbering 21, vers 4. Dette bibelverset seier meg så mykje. Det gir meg eit himmelhåp, og det gir meg ein himmel over livet mitt. Eg ber mykje av himmelen med meg i kvardagen, og tenkjer ofte på at Gud er der i mørket, og har lova å gå alle dei tunge dagane ilag med meg, sjølv når alt verkar håplaust.

- Kva tenkjer du om Frikirkens motto «Saman om oppdraget»?

- Det er eit godt motto; å vere saman om noko. Jobbe for det same og drage lasset ilag. Eg gler meg over å vandre ilag med mange dyktige og engasjerte menneske som jobbar og har sitt frivillige engasjement i Frikyrkja. Eg likar at vi seier vi, og meinar det!

- Er det noko spesielt som opptek deg for tida?

- Eg er oppteken av å lage fine dagar for dei rundt meg. Derfor er det stadig nye prosjekt på gong, og stadig noko som eg ventar på å få å kome i gong med. Akkurat no brenn det i fingrane etter å få skape ein ny temakveld om «sorg».

- Har du nokon forbilete eller nokon som særleg har vore til inspirasjon for deg som kristen?

- Eg vaks opp med Oldemor Magda som næraste nabo. Ho var ei svært klok og aktiv dame. Ho viste meg Jesus i kvardagen, og var med på å gjere meg meir bevisst som kristen. Ho var med på å gje meg den trygge kvardagstrua. Ho beherska liv og lære på ein beundringsverdig måte.

- Kva liker du å gjere på fritida?

- Eg har eit brennande hjarte for mykje. Men aller nærast ligg sogespelet «Kongens Ring» som kvart år blir sett opp på Herøy Amfi. Samspelet mellom proffe skodespelarar og amatørar er magisk. 350 menneske er med på og bak scena med eit og same mål; gje publikum ei unik oppleving. Eg er så heldig å få vere styreleiar i stiftinga, og får samarbeide med frivillige av ypperste kvalitet! Frivilligheit er livskvalitet - for meg! Så puslar eg litt med å site i kommunestyret sånn innimellom.