img_8226
Per og Liv Sævik takka Kjell Furnes og kona hans Anne Berit Furnes for at han i 20 år har vore leiar for Magda Sæviks stiftelse. (Foto: Hjørdis Almelid Vikenes)

Stiftelse har gjeve ut 13 millionar over 20 år

Pastor Erhard Hermansen i Herøy frikyrkje takka for alle gåvemidla som dei har fått frå Magda Sæviks stiftelse i gjennom 20 år. - Desse midla har betydd mykje for barne- og ungdomsarbeidet vårt.

I oktober 1997 oppretta Liv og Per Sævik frå Herøy på Sunnmøre Magda Sæviks Stiftelse. Stiftinga fekk namn etter mora til Per. Formålet var ideelt, og styret for stiftinga skulle gje økonomisk støtte til kristent arbeid. I løpet av desse 20 åra har stiftinga fordelt over 13 millionar kroner til ulike lag og organisasjonar lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Kjell Furnes har vore leiar for stiftingsstyret sidan starten og måndag 22. mai vart han takka av for den langvarige leiarinnsatsen sin i samband med ei tilstelling på hotellet i Fosnavågen. Per Sævik formidla at Havila Holding ettergjev eit lån dei tidlegare har gjeve til stiftinga, slik at 20 års gåva vert på 2,5 millionar kroner. Liv og Per Sævik takka Kjell Furnes for den gode innsatsen han har lagt ned for stiftinga, og gav gåver til både han og kona Anne Berit Furnes.

Statuttane

I statuttane for stiftinga er det spesifisert at 25 prosent av gåvepengane skal gå til evangelisk arbeid på Remøy bedehus og 25 prosent til Den evangelisk lutherske frikyrkja i Herøy. Midlane skal gå til forkynnande verksemd og barne- og ungdomsarbeid. Resterande midlar, altså 50 prosent, skal styret fordele etter søknad, eller gjevast til andre aktivitetar som etter styret si vurdering best kan imøtekomme stiftinga sitt formål.
- Grunnkapitalen ved opprettinga var på 50.000 kroner. I tillegg overførte stiftaren ved gåvedisposisjon 60.500 aksjar i Sævik Supply ASA. Samla gav dette midlar på ca 10 millionar til disposisjon. Seinare vart grunnkapitalen auka med 1.5 millionar kroner, altså til 1.550.000 kroner, fortel Kjell Furnes.

Styret for stiftinga har vore Liv Kruse Sævik, Remøy Indremisjon, Eldar Skeide, Herøy frikyrkje og Kjell Furnes, Sunnmøre Indremisjon. I 2000 kom Jostein Sætrenes inn i staden for Eldar Skeide, valt av frikyrkja. Det er Jostein Sætrenes som no tek over for Kjell Furnes som leiar i stiftinga.

Mandatet

Furnes seier at styret har tolka mandatet slik at midla skal brukast til kristent evangelisk arbeid, særleg retta mot born og unge. I einskilde høve har styret også gjeve gåver til sosial-evangelisk arbeid, mellom anna til tiltak i austblokklanda. Elles har det også vorte gjeve gåvemidlar til heis, einskilde innreiingar, innkjøp av lydanlegg med meir, men ikkje direkte til husbygging.
- Den lengste perioden med å forvalte midlane på vegner av styret har Sydvesttor AS hatt, og dei har utført eit godt arbeid for styret. Sigvald Skeide har vore ein god mann for oss. Tre privatskular på Sunnmøre har også fått formidla lån frå stiftinga, etter ekstramidlar som eigarane tilførte stiftinga. Vi veit at dei pengane som stiftinga har delt ut har vore til stor hjelp og oppmuntring til viktige oppgåver både i Noreg og i andre land, understreka Furnes.

Giskemenn

Det vert ein sambygding av han Kjell Furnes som går inn i styret etter han, nemleg Harry Valderhaug. Han er ordførar i Giske kommune. For Harry som tidlegare berre har kjent til Magda Sævik stiftinga frå utsida som organisasjonsmann, synest han det er kjekt å få kunne vere med i styret no.
- Eg har sett verknadene av gjevergleda frå stiftinga og alt det positive det medfører. Når lag og organisasjonar vert tilført gåvemidlar, blomstar både dugnadsånda og det frivillige arbeidet. Eg synest det er eit kjenneteikn på Sunnmøre dette med alt det frivillige arbeidet som vert drifta. Gåvemidla frå Magda Sæviks stiftelse løyser ut mykje dugnadsarbeid rundt om og det synest eg er flott, seier Harry Valderhaug.

Takketalar

Krinsleiar Johan Halsne i Sunnmøre Indremisjon takka også Kjell Furnes for det arbeidet han har lagt ned i styret for Magda Sæviks stiftelse. Dei gåvene som stiftinga har delt har gjeve positive ringverknader for mange. Han gav tre bøker til Anne Berit og Kjell Furnes – nemleg Edvard Hoem sine «utvandringsbøker til Amerika». Halsne meinte at å lese Hoem sine bøker kunne gje dei reiselyst.

Vidare takka pastor Erhard Hermansen for alt det Herøy frikyrkja hadde fått av gåvemidlar i alle desse åra og kor mykje det har betydd for dei i barne- og ungdomsarbeidet. Han fortalde også at det var gåvemidlar frå stiftinga som var årsaka til at han fekk jobb i Herøy.
- Eg såg på lokaltv frå Sunnmøre på Austlandet i 1997 at dei søkte etter ungdomspastor i Herøy. Dermed vart det slik at eg fekk jobb her i 1998, og sidan har eg vore her.
- Det er store sko som skal fyllast, men dette er ikkje eit sololøp. Vi har gode folk med oss i arbeidet og vi ynskjer å vidareføre arbeidet som Kjell har starta. Det ber vi om at vi skal klare, seier den nye styreleiaren Jostein Sætrenes i Magda Sæviks stiftelse.